Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Christian Ørsted

Hans Christian Ørsted, 1777–1851, var dansk fysikar og kjemikar. Han oppdaga i 1820 at ein leidning som fører elektrisk straum, er omgitt av eit magnetfelt. Ørsted la med det grunnlaget for elektromagnetismen, som blei utvikla av Ampère, Faraday og Maxwell. Ørsted utvikla også metodar til framstilling av metallisk aluminium.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 14.12.2011