Hopp til innhold
X
Innhald

Henke Kamerlingh Onnes

Heike Kamerlingh Onnes, 1853–1926, var nederlandsk fysikar. Han undersøkte gassar og metall ved ekstremt låge temperaturar. Kamerlingh Onnes framstilte i 1906 flytande hydrogen. I 1908 framstilte han flytande helium, som har ein temperatur på -269 °C, 4 grader over det absolutte nullpunktet. I 1911 oppdaga han at ved slike låge temperaturar har metall praktisk talt ingen elektrisk motstand.
 
Kamerlingh Onnes fekk nobelprisen i fysikk i 1913.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011