Hopp til innhold
X
Innhald

Henri Becquerel

Henri Becquerel, 1852–1908, var fransk fysikar. Han oppdaga radioaktiviteten i 1896 i eit uranmineral. Becquerel fekk nobelprisen i fysikk i 1903 saman med ekteparet Curie.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011