Hopp til innhold
X
Innhald

Hermann von Helmholtz

Hermann von Helmholtz, 1821–94, var tysk lege og fysikar. Han var ein allsidig forskar. Han undersøkte nerveleiing, muskelarbeid og kroppstemperatur, konstruerte medisinske apparat og formulerte teoriar for fargesansen og mekanismane til høyrsla.
 
von Helmholtz utarbeidde læra om bevaring av energien og gav viktige bidrag til forståinga av hydrodynamikk, lyset si spreiing, elektrokjemi og elektromagnetisk induksjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011