Hopp til innhold
X
Innhald

Hideki Yukawa

Hideki Yukawa, 1907–81, var japansk fysikar. Han sette i 1935 fram ein teori for kreftene mellom proton og nøytron i ein atomkjerne. Yukawa føresa eksistensen av dei atomære partiklane meson, som blei påviste i 1947. Yukawa fekk nobelprisen i fysikk i 1949.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 14.12.2011