Hopp til innhold
X
Innhald

Horst L. Störmer

Horst L. Störmer, fødd 1949, er tysk fysikar. Han leidde fysisk forsking ved Bell Laboratories frå 1992–98. Sidan 1998 har han arbeidd som professor ved Columbia University, USA.
 
Saman med R.B. Laughlin og D.C. Tsui fekk Störmer nobelprisen i fysikk i 1998 for studium av halleffekten innanfor kvantefysikken.

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 14.12.2011