Hopp til innhold
X
Innhald

Ibn al-Haitham

Ibn al-Haitham, latin Alhazen, ca. 950–1040, var arabisk astronom, fysikar, lege og matematikar. Han er mest kjend for sine studium av linser og krumme speglar, beskrivingar av auget og konstruksjonen av eit camera obscura, forløparen til fotografiapparatet. I matematikken løyste han tredje- og fjerdegradslikningar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 06.01.2012