Hopp til innhold
X
Innhald

Irving Langmuir

Irving Langmuir, 1881–1957, var amerikansk fysikar og kjemikar. Arbeidet hans med elektronemisjon har fått stor teknisk betydning.
 
Langmuir fekk nobelprisen i kjemi i 1932 for arbeida med tynne oljefilmar på vatn. Han utførte også viktige arbeid med elektriske ladningar i gassar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011