Hopp til innhold
X
Innhald

Jack Steinberger

Jack Steinberger, fødd 1921, er amerikansk fysikar, fødd i Tyskland. Han har gitt viktige bidrag innanfor nøytrinoforskinga. Steinberger deltok i eksperiment ved Brookhaven National Laboratory, New York (1960–62), der ein var dei første til å produsere nøytrino i eit laboratorium. Steinberger fekk nobelprisen i fysikk i 1988 saman med L.M. Lederman og M. Schwartz.

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 14.12.2011