Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Peter Holtsmark

Johan Peter Holtsmark, 1894–1975, var fysikar og professor ved Noregs tekniske høgskule, NTH (no Noregs teknisk-vitskaplege universitet, NTNU), frå 1923, ved Universitetet i Oslo frå 1942. Holtsmark arbeidde innanfor felta atomfysikk og akustikk, og han utførte banebrytande arbeid innanfor den bølgjemekaniske spreiingsteorien.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011