Joseph Louis Gay-Lussac
Joseph Louis Gay-Lussac, 1778–1850, var fransk fysikar og kjemikar. Han framstilte grunnstoffet bor og fann at også jod er eit grunnstoff.
Han formulerte Gay-Lussacs lov i 1802. Ho seier at volumet av ein gass ved konstant trykk, og trykket av ein gass ved konstant volum er proporsjonalt med den absolutte temperaturen. Lova blir kalla Charles' lov i engelsktalande land. Ho blei opphavleg oppdaga av G. Amontons (1663–1703).
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011