Hopp til innhold
X
Innhald

Melvin Schwartz

Melvin Schwartz, 1932–2006, var amerikansk fysikar. Han gav viktige bidrag innanfor nøytrinoforsking. Schwartz deltok i eksperiment ved Brookhaven National Laboratory, New York (1960–62), der ein var dei første til å produsere nøytrino i eit laboratorium.
 
Schwartz fekk nobelprisen i fysikk i 1988 saman med L. M. Lederman og J. Steinberger.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 14.12.2011