Faktaboks

Nikola Tesla

Никола Тесла

Uttale
tˈesla
Fødd
10. juli 1856, Smiljan, Det østerrikske keiserriket (nå Smiljan, Kroatia)
Død
7. januar 1943, New York, USA
Nikola Tesla i 1879, 23 år gammel
Teslas induksjonsmotor

Modell av Teslas første induksjonsmotor, utstilt i Tesla-museet i Beograd.

Teslas radiostyrte båt

Nikola Teslas modell av en radiostyrt båt, som han tok patent på i 1898.

Nikola Tesla var ein visjonær oppfinnar som var tonegivande i pionertida av elektromagnetismen i 1890-åra og byrjinga av det 20. hundreåret.

Når det gjaldt forståing av fenomenet induksjon hadde Tesla ei genial evne til å sjå korleis dette fenomenet kunne utnyttast til å forme om mekanisk energi til elektromagnetisk energi. Han hadde òg evna til å omsetje denne innsikta i oppfinningar av elektromagnetiske innretningar som seinare har fått stor samfunnsmessig betydning.

Han laga dei første store og pålitelege vekselstraumgeneratorane og fann opp ei mengd ulikt trådlaust elektromagnetisk utstyr, som trådlause lyspærer, trådlaus overføring av elektrisk energi og trådlaus overføring av informasjon frå ein stad til eit annan. Tesla fekk innvilga over 700 patent.

Oppvekst

Nikola Tesla blei fødd i landsbyen Smiljan i noverande Kroatia i det austerrikske keisarriket. I 1870 flytta familien til Karlovac der Tesla gjekk på realskule og gymnas. Tesla skreiv seinare at hans interesse for elektromagnetiske fenomen blei vekt av ein lærar på denne skulen som demonstrerte elektromagnetisk utstyr med spennande og uventa verknader. Tesla viste på denne tida store matematisk gåver.

I 1875 byrja Tesla på den polytekniske høgskulen i Graz i Austerrike. Det første skuleåret jobba Tesla svært hardt frå tidleg om morgonen til seint på kvelden, sju dagar i veka. Det andre skuleåret kom han i konflikt med læraren sin i elektromagnetisme då han kom med forslag til å modifisere ein dynamo på ein måte som professoren meinte var uakseptabel. På slutten av det andre skuleåret hadde hardkøyret sett sine spor, og Tesla mista kontrollen. Han slutta å jobbe med faga og blei ramma av spelegalskap. Det enda med at han ikkje fullførte skulen.

I desember 1878 forlét Tesla Graz. Samtidig kutta han all kontakt med familien sin for å skjule at han hadde droppa ut av skulen. Dei neste åra hadde han ei rekkje småjobbar der han ofte arbeidde med bruksmåtar av elektromagnetiske fenomen, til dømes med telegraf- og telefonfirma i Budapest. I 1882 og 1883 arbeidde han i Frankrike for The Continental Edison Company. I desse jobbane forbetra han eksisterande utstyr og designa òg nytt utstyr. Hans kreative evner når det gjaldt tekniske bruksmåtar av elektromagnetismen byrja no å bli tydelege.

Emigrasjon til USA og arbeid for Edison

I juni 1884 emigrerte Tesla til USA, 28 år gammal. Han slo seg ned i New York og blei hyra av Thomas Alva Edison til å jobbe i hans Edison Machine Works på Manhattan. Der blei dei raskt merksame på Teslas gåv, oger han fekk etter eit års tid i oppgåve å konstruere nye versjonar av likestraumsgeneratorane til firmaet. Tesla kom med eit forslag til korleis dette kunne gjerast, og ifølgje Tesla sa då Edison: «Du får 50 000 dollar viss du greier dette.»

Etter eit halvt år med hardt arbeid hadde Tesla fullført jobben og gjekk til Edison for å få pengane. Edison svarte at det berre hadde vore ein spøk og sa: «Tesla, du forstår ikkje den amerikanske humoren vår.» Edison tilbaud i staden at lønna hans på 18 dollar veka skulle aukast til 28 dollar. Tesla blei rasande og sa opp på staden.

Tesla Electric Light & Manufacturing

Nikola Tesla i 1890, 34 år gammel.

I 1886 slo Tesla seg saman med forretningsmennene Robert Lane og Benjamin Vail og danna eit firma med namnet Tesla Electric Light & Manufacturing. Firmaet produserte og installerte elektriske belysningssystem designet av Tesla. Tesla fann òg opp ein ny type dynamo som han tok patent på. Dette var hans første patent i USA.

Men Lane og Vail var meir interessert i å tene pengar på utstyr som Tesla allereie hadde konstruert enn å satse på det Tesla ville arbeide med: å utvikle nytt utstyr. Dei pressa Tesla ut av firmaet, og Tesla fekk ikkje eingong noko for patenta sine, for dei hadde han gitt til bedrifta.

Induksjonsmotoren

Vinteren 1886/1887 hadde Tesla småjobbar til to dollar dagen. I desember 1886 møtte han Alfred S. Brown og Charles F. Peck, og i april 1887 danna dei firmaet Tesla Electric Company. Basert på Teslas patent og idear skulle dei produsere nytt elektrisk utstyr. Det blei bygd eit laboratorium der Tesla utvikla induksjonsmotoren basert på vekselstraum som var i ferd med å ta over og bli dominerande når det gjaldt straumforsyning både i Europa og USA i 1890-åra. Tesla fekk patent på induksjonsmotoren 1. mai 1888. I Italia blei ein tilsvarande motor utvikla samtidig av Galileo Ferraris. Dei blir begge rekna som oppfinnarar av denne motoren.

Firmaet Westinghouse Electric & Manufacturing Company kjøpte i 1888 Teslas patent for induksjonsmotoren for 60 000 dollar og hyra Tesla som konsulent for eitt år. Dette året arbeidde Tesla i Pittsburgh med å installere elektrisk gatebelysning basert på vekselstraum. I 1891 blei han amerikansk statsborgar. Tesla blei no godt etablert i det amerikanske fagmiljøet og var visepresident for American Institute of Electrical Engineers i åra 1892–1894.

Konkurransen om belysning: likestraum eller vekselstraum?

Det oppstod no ein konkurranse mellom Edisons firma som satsa på belysning ved hjelp av likestraum, og Westinghouse som satsa på Teslas teknologi med vekselstraum. Sidan det etter kvart blei klart at det var fordelaktig å overføre energi frå kraftverk til brukarar ved hjelp av vekselstraum, var det Teslas vekselstraumteknologi som blei dominerande. Westinghouse vann anbodet om å stå for den elektriske belysninga til verdsutstillinga i Chicago i 1893. Dette var eit gjennombrot i USA for bruken av vekselstraum til belysning. Westinghouse fekk her demonstrert tryggleiken, påliteligheten og effektiviteten til vekselstraumbasert belysning.

Det neste store prosjektet i utviklinga av vekselstraumteknologi i Amerika var konstruksjon av eit kraftverk som utnytta vasskraft frå Niagarafossen. I 1893 blei Tesla kontakta av Edward Dean Adams frå Niagara Falls Cataract Construction Company. Han ville ha ei oversikt over fordelar og ulemper ved ulike typar teknologi og korleis ein best kunne utnytte Niagarafossen til å produsere elektrisk straum. Tesla foreslo ein type vekselstraumgeneratorar utvikla av Westinghouse med utgangspunkt i Teslas patent. Westinghouse fekk kontrakten på konstruksjon av kraftverket og General Electric på distribusjon av elektrisk energi.

Trådlaus overføring av elektrisk energi

Tesla forstod tidleg at elektrisk energi kan overførast gjennom tomt rom ved hjelp av induksjon, noko som i dag blir utnytta i kontaktfrie ladarar som til dømes blir brukte til å lade elektriske tannkostar. Tesla konstruerte tidleg i 1890-åra elektriske lamper som kunne lyse utan å vere tilkopla ei straumkjelde.

Utgangspunktet for mange eksperiment Tesla gjorde med trådlaus overføring av elektrisk energi eller elektromagnetiske signal, var ei oppfinning han gjorde allereie i 1891; den såkalla teslaspolen. Den blei brukt til spenningskjelde for mange av dei innretningane Tesla fann opp, til dømes kraftige radiosendarar og leidningsfrie lyspærer som blei tilførte energi ved induksjon. I 1895, då han var 41 år gammal, sende Tesla inn sin første søknad om patent på radio, og i 1896 demonstrerte han den første fjernstyrte båten for forsvaret og tok patent på han i 1898. Fjernstyringsteknologien blei ikkje omgåande teken i bruk, men fekk seinare stor betydning.

Laboratoriet i Colorado Springs

I 1899 flytta Tesla til Colorado Springs der han i løpet av nokre månader etablerte eit laboratorium. Han ville undersøkje moglegheitene for trådlaus overføring av elektrisk energi i stor skala med høgspenning og høgfrekvent vekselstraum. Han hadde kontaktar innan kraftforsyning som kunne skaffe han tilgang på rimeleg elektrisk energi – så mykje han måtte ha bruk for.

Eksperimenta til Tesla blei meir og meir kraftige. Han laga mellom anna kunstig lyn og tore med svære lysbogar som var over 30 meter lange, og smell som blei høyrt på over 20 kilometers avstand. Dei oscillerande elektriske og magnetiske felta produsert i laboratoriet var så sterke at teslalamper kunne lyse på over 100 meters avstand frå laboratoriet; sjølv etter at dei var slått av.

Tesla hadde planar om å bli den første til å demonstrere trådlaus telegrafi over Atlanterhavet, men her blei han slått av den italienske fysikaren og ingeniøren Guglielmo Marconi som lukkast med dette i desember 1901.

Tesla sitter i laboratoriet i Colorado Springs ved en sender som kunne generere spenninger på flere millioner volt. De 7 m lange lysbuene var ikke en del av den normale driften, men ble generert i anledning fotograferingen ved raskt å slå utstyret av og på.

/Wellcome Images.
Lisens: CC BY 4.0

Wardenclyffe-tårnet

Teslas tårn

Teslas Wardenclyffe-tårn på Long Island fotografert i 1904.

For å etablere transatlantisk trådlaus telekommunikasjon ville Tesla byggje ein enorm sendar ved Atlanterhavskysten 15 mil nord for New York. Han fekk økonomisk støtte til prosjektet som etter dagens pengeverdi svarer til om lag fem millionar dollar .

Etter økonomiske overskridingar og ulike problem blei tårna bygget, men mange av installasjonane som var naudsynte for å lykkast med overføringane blei ikkje fullførte. Sendaren blei aldri operativ, og verksemda ved tårnet tok slutt i 1906. Prosjektet enda som ein fiasko.

På sin 50-årsdag i 1906 demonstrerte Tesla den nye bladlause turbinen sin som kunne levere elektrisk energi med ein effekt på 200 hestekrefter, det vil seie omtrent 150 kilowatt. Slike turbinar blei tekne i bruk frå 1910 i mellom anna Waterside-kraftverket i New York.

Teslas oppfatning av fysikken

Tesla etablerte ei forståing av den materielle naturen basert på fysikken slik han var utvikla fram til år 1900. Han trudde ikkje på at atomet var deleleg, og meinte til dømes at det ikkje eksisterte elektron. Vidare var han skeptisk både til kvantefysikken og relativitetsteorien. Tesla aksepterte til dømes teorien om at rommet var fylt av ein eter som elektromagnetiske bølgjer kunne forplante seg i, medan vi i vår tid oppfattar det slik at elektromagnetiske bølgjer breier seg i tomt rom.

Men når det gjaldt elektromagnetiske fenomen hadde Tesla ei fenomenal praktisk forståing av dei fleste aspekt av James Clerk Maxwells elektromagnetiske teori, ikkje minst av alle moglege verknader av elektromagnetisk induksjon. Han var i stand til å sjå for seg korleis komplisert elektromagnetisk apparatur verka, og bygde apparaturen utan teikningar. Dei blei laga først når han søkte patent for oppfinningane sine.

Anerkjenning

I 1917 blei Tesla tildelt American Institute of Electrical Engineers' høgaste utmerking, Edisonmedaljen. I 1937 var Tesla éin av 38 personar som blei nominerte til Nobelprisen i fysikk, men han fekk ikkje prisen.

Nikola Tesla har gitt namn til tesla, ei avleidd SI-eining for magnetisk flukstettheit, og det amerikanske bilmerket Tesla, som produserer elektriske bilar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg