Hopp til innhold
X
Innhald

Oliver Heaviside

Oliver Heaviside, 1850–1925, var britisk fysikar. Han sette i 1902 fram ein teori om eksistensen av eit elektrisk leiande sjikt i atmosfæren. Dette sjiktet spelar ei fundamental rolle i blant anna radiokommunikasjon, og blir no kalla ionosfæren sitt E-lag. Heaviside gav dei elektrodynamiske lovene til Maxwell ei forenkla form.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011