Faktaboks

Otto Hahn
Uttale
ha:n
Fødd
8. mars 1879, Frankfurt am Main, Tyskland
Død
28. juli 1968, Göttingen, Tyskland
Otto Hahn

Otto Hahn (1946).

Av /NTB Scanpix ※.
Lise Meitner og Otto Hahn (1913)
Lise Meitner og Otto Hahn i laboratoriet i Dahlem, Berlin, i 1913.
Av /Smithsonian Institution.

Otto Hahn var ein tysk professor i kjemi. Han var blant dei første til å forske på radioaktivitet og den første til å spalte uran, ei oppdaging som gjorde det mogleg å utvikle atombomber.

Hahn utmerkte seg tidleg som ein eksperimentell forskar, med særleg givnad for å finne nye grunnstoff. Han samarbeidde med fysikaren Lise Meitner, som bidrog med teoretiske forklaringar på eksperimenta hans. Samarbeidet kulminerte i 1938, då Hahn oppdaga at atomkjernen var deleleg, og Meitner forklarte korleis det hang saman. Kunnskapen skapte eit tidskilje i historia, ved å bane veg for produksjon av kjernekraft. I 1944 fekk Hahn nobelprisen i kjemi for oppdaginga.

Under andre verdskrigen heldt Hahn fram med forsking på kjernekraft. Etter krigen tok han avstand frå atomvåpen og markerte seg som pådrivar for nedrusting og fredeleg sameksistens.

I 1999 vart han kåra til ein av dei tre viktigaste forskarane i det 20. hundreåret.

Bakgrunn

Otto Hahn var fødd i Frankfurt am Main i Tyskland. Han studerte kjemi ved universiteta i Marburg og München og tok doktorgraden i 1901. Etter eit par år som assistent ved universitetet i Marburg fekk han forskaropphald i London i 1904 og i Montreal i 1905. I 1907 vart han tilsett ved Universitetet i Berlin, frå 1910 som professor. Då Keisar Wilhelms Institutt for naturvitskap opna i 1912, som del av Keiser Wilhelm-selskapet (Kaiser-Wilhelm-Gesellschaft), fekk han ansvaret for avdelinga for radioaktiv forsking og var sjef for kjemiavdelinga frå 1926 til 1945.

Forskarkarriere

Forsking på radioaktivitet

Etter å ha møtt leiande kjernefysikarar i London og Montreal konsentrerte Hahn seg om forsking på radioaktivitet. Han kartla nye grunnstoff og bygde opp bruksretta radiokjemi som forskingsfelt, oppdaga isotopar som kunne brukast til medisinsk strålebehandling og metodar til å rekne ut jorda sin geologiske alder. Fleire gonger vart han foreslått til nobelprisen i kjemi.

Frå 1907 samarbeidde han med fysikaren Lise Meitner og frå 1935 med Fritz Strassmann. Etter at nøytronet vart oppdaga i byrjinga av trettiåra, eksperimenterte dei med å stråle uran med nøytron, for å sjå kva som skjedde. Saman med Meitner oppdaga han protactinium i 1917.

Oppdaginga av fisjon

I desember 1938 fekk Hahn eit uventa resultat. Hypotesen var at strålingsprosessen skulle føre til eit tyngre grunnstoff enn uran. I staden vart uranet brote ned til lettare grunnstoff. Hahn og Strassmann, som hadde gjennomført eksperimentet, trong hjelp frå Meitner til å forklare resultatet. Ho hadde kort tid i forvegen rømt til Sverige for å unngå jødeforfølgingane, men i brevs form formidla ho tolkinga si til kollegaene i Berlin. Med bidrag frå fysikaren Otto Frisch slo ho fast at urankjernen var spalta, eit utfall vitskapen til då hadde meint var umogleg, og ho påviste at spaltinga frigjorde store mengder energi.

Hahn stadfesta analysen gjennom nye eksperiment og publiserte funnet i tyske tidsskrift. Omtrent samtidig vart oppdaginga kjend i USA. Forskarar og politikarar forstod snart at kjernespaltinga kunne brukast til militære formål, og både i Tyskland og USA vart det sett i gang forsking for å utvikle kjernefysiske våpen. Atomalderen hadde byrja.

Krigsforsking

Hahn si rolle i krigstid er omstridd. Under første verdskrigen vart han innkalla til militæret og gjorde teneste i eit ingeniørkompani som utvikla giftgassar til krigsføremål. Pliktkjensla mot fedrelandet var sterkare enn motførestillingane mot å vere med i krigsforsking. For innsatsen fekk han æresmedaljar frå keisaren.

Den tvitydige stillinga mellom politikk og moral gjentok seg då nazistane kom til makta. Hahn mislikte nazismen, særleg kravet om at forskinga skulle reinskast for jødiske innslag, og han utsette seg sjølv for risiko ved å hjelpe jødiske kollegaer til å kome seg unna. På den andre sida tok han aldri klart avstand frå nazismen, slik fleire framståande vitskapsfolk gjorde.

Under andre verdskrigen var han sjef for kjemiavdelinga ved Keisar Wilhelms Institutt og inngjekk forskingsavtalar med militærmakta. Frå krigsutbrotet og fram til 1942 var han med i regjeringa sitt uranprosjekt for utnytting av atomkraft, og i 1943 fekk han krigstenestemedalje av Hitler. Dei siste krigsåra dreiv han meir uavhengig forsking på uran.

dei allierte sigra i 1945, ville dei sikre seg mot at dei tyske eliteforskarane lak opplysningar til Sovjetunionen. Difor vart Hahn og ni andre atomforskarar internerte i England, noko som hindra han i å vere til stades ved nobelprisseremonien i 1945 for å ta mot prisen han var tildelt i 1944. Overrekkinga skjedde først i 1946.

Fredsforkjemparen

Kaiser Wilhelm institutt for kjemi, hvor fusjon ble oppdaget.
.

Etter krigen var Hahn oppteken av å bøte på det frynsete ryktet som tysk vitskap sat att med etter nazitida. Han var med på å opprette Max-Planck-selskapet (Max-Planck-Gesellschaft), etterfølgjaren etter Keisar Wilhelms-selskapet, og var sjølv direktør der frå starten i 1948 og fram til 1960. Si eiga forsking under krigen oppsummerte han som rein grunnforsking, og han slo fast at det er eit brotsverk å bruke forsking til militære formål.

Begge selskapa var til kvar sine tider dei mest prestisjefulle forskingsorganisasjonane i Tyskland. Eit tjuetals forskarar knytt til Max-Planck-selskapet har fått nobelprisen etter 1948, og kvart år publiserer forskarane mange tusen vitenskapelige artikler.

I femtiåra gjekk Hahn i spissen for ei gruppe nobelprisvinnarar som mana politikarar i alle land til å avstå frå atomvåpen, han protesterte mot planane om opprusting i det vesttyske forsvaret, og han oppmoda FN til å sikre avtalar om prøvestans. Fredsengasjementet hans førte til at han vart foreslått til Nobels fredspris. Den fekk han ikkje, men i åttiåra vart det stifta ein fredspris i hans eige namn, Otto Hahns fredsmedalje.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Øyvind Foss: Forskning og folkemord. Tysk vitenskaps mørke fortid. Oslo 2013
  • Klaus Hoffmann: Otto Hahn. Achievement and Responsibility, omsett av J. Michael Cole. New York 2001
  • Ruth Lewin Sime: «The Politics of Forgetting», Physics in Perspective 14/2012

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg