Hopp til innhold
X
Innhald

Pierre-Gilles de Gennes

Pierre-Gilles de Gennes, 1932–2007, var fransk fysikar. Han oppdaga at dei metodane som kan brukast til å beskrive orden i enkle system, kan utviklast til å gjelde meir komplekse former for materie, spesielt flytande krystall og polymerar. de Gennes gav ut The Physics of Liquid Crystals, som er eit standardverk i fysikken. Han blei tildelt nobelprisen i fysikk i 1991.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011