Hopp til innhold
X
Innhald

Pieter Zeeman

Pieter Zeeman, 1865–1943, var nederlandsk fysikar. Han oppdaga i 1896 at kvar enkelt spektrallinje i lyset frå ein gass blir splitta i fleire linjer når gassen er i eit magnetfelt. Fenomenet blir kalla zeemaneffekten.
 
Zeeman fekk nobelprisen i fysikk i 1902 saman med H.A. Lorentz

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 14.12.2011