Hopp til innhold
X
Innhald

Robert Havemann

Robert Havemann, 1910–82, var tysk kjemikar og sosialistisk teoretikar. Han blei dømd til døden av nazistane i 1943, men blei ikkje avretta. Han arbeidde som professor ved Humboldt-universitetet i Aust-Berlin 1946–1964. Havemann blei utstøytt av det austtyske kommunistpartiet og av vitskapsakademiet. Han gav ut boka Dialektik ohne Dogma i 1964, Boka kom på norsk i 1967 med tittelen Dialektikk uten dogmer? Naturvitenskap og filosofi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011