Hopp til innhold
X
Innhald

Robert Oppenheimer

Robert Oppenheimer, 1904–67, var amerikansk fysikar. Han er kjend for sine arbeid i teoretisk atom- og kjernefysikk.
 
Frå 1942–45 leidde han det vitskaplege arbeidet med utvikling av atombomba. Oppenheimer blei i 1954 nekta tilgjenge til hemmelege dokument om atomforsking då han blei skulda for å ha samarbeidd med kommunistar og for å ha sabotert prosjektet med hydrogenbomba. Oppenheimer blei rehabilitert i 1963.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2011
Sist oppdatert: 12.12.2011