Hopp til innhold
X
Innhald

Walter Houser Brattain

Walter Houser Brattain, 1902–87, var amerikansk fysikar. Brattain var forskar ved Bell Telephone frå 1929. Han utvikla halvleiarteknologien og fekk i 1956 nobelprisen i fysikk saman med J. Bardeen og W.B. Shockley.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011