Hopp til innhold
X
Innhald

Werner Heisenberg

Werner Heisenberg, 1901–76, var tysk teoretisk fysikar. Han var ein av grunnleggjarane av kvantemekanikken.
 
I 1927 formulerte han usikkerheitsrelasjonen, som seier at to komplementære storleikar ikkje samtidig kan bestemmast nøyaktig i same eksperiment. Det inneber at ein til dømes ikkje samtidig kan bestemme posisjonen til eit elektron og farten til det nøyaktig (eller energien til det i eit tidsrom). Heisenberg fekk nobelprisen i fysikk i 1932.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011