Hopp til innhold
X
Innhald

Atom

Atom (av gresk, udeleleg) er ei eining som alle grunnstoff er bygde opp av. Eit atom består av ein kjerne med positiv elektrisk ladning og eit «skal» av negativt ladde partiklar (elektron). Atom kan slutte seg saman i bestemte grupper, molekyl.

Elektrona kan berre røre seg i bestemte banar rundt kjernen. Når eit elektron går over frå éin bane til ein annan, tek atomet opp eller gir frå seg energi. Blir eit elektron fjerna, har atomet ein overskytande positiv ladning og blir kalla eit ion. Blir det føydd til eit elektron, blir atomet eit negativt ion.
 
Atomkjernen består av positivt ladde partiklar (proton) og ikkje-ladde nøytron.
 
Atomnummeret til eit grunnstoff uttrykkjer talet på positive ladningar i kjernen (og dermed tall på elektron i skala ved normaltilstand). Hydrogen har derfor atomnummer 1, neon har atomnummer 10.
 
Proton og nøytron er ca. 1800 gonger tyngre enn elektron; atomvekta til eit stoff er derfor praktisk talt lik vekta av protona og nøytrona i kjernen. Sidan ein kjerne kan ha eit skiftande tal nøytron, finst dei enkelte grunnstoffa i ubetydeleg forskjellige utgåver (isotop). Hydrogen har eitt proton i kjernen og atomvekt 1,0079 (idet måleininga er karbonatom med atomvekt 12), tungt hydrogen (deuterium) har eitt proton og eitt nøytron og er dobbelt så tungt. Når vanleg klor har atomvekt 35,45, er det fordi stoffet er ei blanding av atom med vekt 35 og 37 (begge med ladning 17).
 
Atom er uhyre små; tenkjer ein seg ca. 100 millionar av dei lagde på ei rett linje, blir linja 1 cm lang. Alle dei kjemiske og optiske eigenskapane til stoff kjem som regel av elektrona, som ved å skifte banar tek opp eller gir frå seg energi (til dømes lys) og knyter grunnstoff saman til kjemiske forbindelsar.
 
Atomfysikk er studiet av atoma sin struktur og åtferda til elektrona, medan kjernefysikk er studiet av atomkjernane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 16.02.2018