Hopp til innhold
X
Innhald

Boblekammer

Boblekammer er i fysikken eit apparat som blir brukt til å påvise atomære partiklar. Ioniserande partiklar lagar ei stripe av mikroskopiske kokebobler i ei overheta væske. Boblekammeret blei funne opp av D.A. Glaser i 1952.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011