Hopp til innhold
X
Innhald

Bremsestråling

Bremsestråling. Når elektron med stor fart treffer til dømes metall eller glas og mistar farten, vil mesteparten av deira kinetiske energi bli til varmeenergi i stoffet, medan resten går over til røntgenstråling. Denne røntgenstrålinga blir kalla bremsestråling fordi ho blir danna ved at elektrona blir bremsa og stansa av det elektriske feltet i atoma i stoffet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011