Hopp til innhold
X
Innhald

Halveringstid

Halveringstid er den tida det tek før halvdelen av ei bestemt mengd av eit radioaktivt grunnstoff er omdanna til eit anna grunnstoff.
 
Uran har ei halveringstid på 4,5 milliardar år, radium 1600 år, radon 4 dagar, thallium 4 minutt og astatin 2 sekund. Karbon 14 har ei halveringstid på 5730 år.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011