Hopp til innhold
X
Innhald

Kjernekraftverk

Kjernekraftverk. Eit kjernekraftverk er eit dampkraftverk.
 
I andre former for dampkraftverk fyrer ein opp ein dampkjele med fossilt brensel (kol, olje og så vidare). I eit kjernekraftverk blir den nødvendige varmeenergien produsert ved kjernereaksjonar i ein reaktor.
 
I 1956 blei verdas første sivile kjernekraftverk, Calder Hall i Storbritannia, sett i drift. Energien ein kan få frå reaktoren i eit einaste stort kjernekraftverk med ca. 80 tonn uranoksid som «brensel», svarer til energien frå olja i ti tankskip på 200 000 tonn kvar.
 
I 2009 var ca. 440 sivile reaktorar i drift. Desse stod for ca. 20 % av verdas straumproduksjon. 42 kjernekraftverk var under bygging i 2009.
 
Kjernekraftverk er sterkt omstridde på grunn av miljø- og helsefarar. Desse omfattar forureining ved utvinning av uran til brensel, utslepp av lågradioaktiv stråling under drift, risikoen for større reaktoruhell og vansken med å finne ein trygg lagringsmåte for det høgradioaktive avfallet som blir produsert.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011