Hopp til innhold
X
Innhald

Kjernekrefter

Kjernekrefter held dei enkelte partiklane i ein atomkjerne saman. Kjernen består av proton og nøytron. Protona har same elektriske ladning (+) og skulle derfor alle saman støyte frå kvarandre. Når dette ikkje skjer, må ein rekne med tiltrekkingskrefter som på svært korte avstandar er mykje sterkare enn dei elektriske kreftene. Slike kjernekrefter som verkar nær kvarandre, må også vere til stades mellom dei uelektriske nøytrona, som elles ikkje er utsette for nokon tiltrekkings- eller fråstøytingskrefter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011