Hopp til innhold
X
Innhald

Kjernereaktor

Ein kjernereaktor kan brukast til å lage radioaktive variantar av naturlege grunnstoff.

Kjernereaktor er ein behaldar der tunge atomkjernar, til dømes uran, blir spalta og frigir energi.
 
Kjernespalting skjer når eit nøytron treffer eit uranatom slik at atomkjernen deler seg i to middels tunge fragment. Ved reaksjonen, som kallast fisjon, blir det frigitt energi i form av varme i eit kjernekraftverk. Spaltinga frigir også nøytron frå kjernen. Desse nøytrona treffer andre urankjernar og så vidare, slik at det skjer ein kjedereaksjon.
 
Ein kjernereaktor kan brukast til å lage radioaktive variantar av naturlege grunnstoff. Slike radioisotopar blir brukte til forskinga i medisin, fysikk, kjemi og biologi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 31.01.2013