Hopp til innhold
X
Innhald

Lepton

Lepton er usamansette elementærpartiklar. Ein kjenner til tre leptonfamiliar: elektron og elektronnøytrino, myon og myonnøytrino og tauon og tauonnøytrino.
 
Elektronet har kvilemasse 0,511 MeV, myonet 105,7 MeV og tauonet 1777, 0 MeV. Nyare forskingsresultat tyder på at → nøytrinoa har ein liten kvilemasse og at dei kan gå over i kvarandre ved nøytrooscillasjonar. Alle dei nemnde leptona har antipartiklar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011