Hopp til innhold
X
Innhald

Radioaktive seriar

Radioaktive seriar er nemning på ei rekkjefølgje av grunnstoff som blir danna når ein radioaktiv kjerne sender ut ein alfa- eller ein betapartikkel og dannar ein ny radioaktiv kjerne, som i sin tur dannar ein ny radioaktiv kjerne og så vidare, inntil prosessen stansar med ein stabil atomkjerne.
 
I naturen finst i dag tre radioaktive seriar, som har fått namn etter utgangsstoffet, Uran 238-serien (også kalla Radiumserien), Uran 235-serien (eller Actiniumserien) og Thorium 232-serien. Alle tre endar i ein blyisotop (atomnummer 82). Desse finst naturleg fordi halveringstidene for U 238 (4,5 milliardar år), U 235 (0,7 milliardar år) og Th 232 (14 milliardar år) er så lange. Ein fjerde serie, Plutonium-Neprunium-serien, er blitt borte i løpet av dei ca. 4,5 milliardar åra jorda har eksistert.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011