Hopp til innhold
X
Innhald

Radioaktivitet

Radioaktivitet. Dei fleste grunnstoffa har stabile atomkjernar. I 1896 oppdaga franskmannen Becquerel ei uforklarleg stråling frå uran, og i 1899 antyda Marie Curie at opphavet til strålinga måtte vere at ustabile atomkjernar blei spalta under utsending av energi. Det er dette som kallast radioaktivitet.
 
Ein ustabil atomkjerne vil før eller sidan spalte seg. Den tida som går før halvdelen av ei gitt mengd av stoffet er spalta, er karakteristisk for vedkomande stoff og blir kalla halveringstida.
 
Ved spaltinga blir det sendt ut dels partiklar, dels elektromagnetisk stråling.
 
Alfapartiklar er positivt elektrisk ladde heliumkjernar (atomnummer 2, atomverdi 4) med ein fart opptil 7 % av lysfarten. Når ein atomkjerne sender ut ein slik partikkel, blir atomnummeret (kjerneladningen) hans minska med 2, og den opphavlege atomkjernen er dermed blitt ein atomkjerne i eit anna grunnstoff.
 
Betapartiklar er elektron med fart som kan vere over 99 % av lysfarten. Når ein atomkjerne sender ut ein slik partikkel, som er negativt ladd, aukar kjerneladningen (atomnummeret) med 1, sidan atomnummer angir talet på positive ladningar i kjernen, og igjen oppstår eit anna grunnstoff sin atomkjerne.
 
Gammastråling er elektromagnetiske kvant og blir utvikla kvar gong ein atomkjerne med større energi spontant går over i ein atomkjerne med lågare energi. Strålinga inneber i og for seg inga forvandling av grunnstoffa.
 
Radioaktivitet kan også oppstå på fleire andre måtar, blant anna kan atomkjernen fange inn elektron frå K-skalet, kalla K-fanging , radioaktive grunnstoff, radioaktive isotopar, radioaktive seriar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011