Hopp til innhold
X
Innhald

Tåkekammer

Tåkekammer er eit apparat som blir brukt til å påvise ioniserande partiklar, elektron, proton, alfapartiklar, mest frå radioaktive kjelder. Det er ein luftbehaldar med metta vassdamp med låg temperatur. Rundt iona vil dampen kondenserast til små vassdropar som dannar eit tåkespor.
 
 Tåkekammeret blei funne opp av C.T. Wilson i 1912. Jf. boblekammer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011