Hopp til innhold
X
Innhald

Ampere

Ampere [ampær] er ei grunneining i SI-systemet, med symbol A. Ho er eining for elektrisk straum definert som den konstante elektriske straumen som framkallar ei gjensidig kraft på 2×10¯⁷ newton per meter leiar når straum går gjennom kvar av to rettlinja, parallelle, uendeleg lange leiarar med sirkulært og neglisjerbart lite tverrsnitt og plasserte i ein meters innbyrdes avstand i vakuum.
 
Eininga har fått namnet sitt etter A.M. Ampère.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011