Hopp til innhold
X
Innhald

Ångstrøm

Ångstrøm. Internasjonalt blir eininga ofte skriven angstrom. Ångstrøm har symbolet Å og er ei eining lik 0,1 nm lik 10¯¹⁰ m (1 timilliondels mm).
 
Eininga er ikkje godkjend i SI-systemet, men ho er mykje brukt i atomfysikk og for å angi bølgjelengder for elektromagnetisk stråling i visse delar av spektret.
 
Eininga har fått namn etter den svenske fysikaren A.J. Ångström.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011