Hopp til innhold
X
Innhald

Candela

Candela (frå latin) har symbol cd og er ei grunneining i SI-systemet. Candela er eining for lysstyrke, definert som lysstyrken i ei gitt retning frå ei kjelde med monokromatisk stråling med frekvensen 540 terahertz når strålingsstyrken i den gitte retninga er 1/683 watt per steradian. Candela avløyste ein tidlegare definisjon i 1979.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2011
Sist oppdatert: 12.08.2013