Hopp til innhold
X
Innhald

Coulomb

Coulomb, amperesekund, med symbol C er i SI-systemet ei avleidd eining for elektrisk ladning (elektrisitetsmengd). 1 coulomb er den elektriske ladningen som i løpet av eit sekund passerer eit tverrsnitt av ein leidning som fører ein straum på 1 ampere. Coulomb har fått namn etter C.A. Coulomb.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011