Hopp til innhold
X
Innhald

Curie

Curie [kyri], med symbol Ci, er eining for radioaktivitet, definert som 3,7×10¹⁰ desintegrasjonar per sekund. Curie har fått namn etter Marie Curie.
 
I SI-systemet nyttar ein eininga becquerel (Bq) for aktivitet (lik 1 desintegrasjon per sekund). 1 Ci blir dermed lik 3,7×10¹⁰ Bq = 37 GBq (gigabecquerel) desintegrasjonar, omtrent lik aktiviteten til 1 g radium.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011