Hopp til innhold
X
Innhald

Dødvekt

Dødvekt, med forkorting dv, engelsk deadweight, med forkorting dw. Dødvekt angir eit skip si totale lasteevne i tonn (à 1000 eller 1016 kg), det vil seie kor mange tonn last eit skip kan føre med seg ved den største tillatne djupnegongen.
 
Omgrepet omfattar blant anna last, drivstoff, vatn og proviant.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011