Hopp til innhold
X
Innhald

Døgn

Døgn. Eit sant soldøgn er tida mellom to på kvarandre følgjande nedre kulminasjonar av sola. Lengda av dette døgnet varierer i løpet av året.
 
Eit middelsoldøgn er lik 86 400 sekund (er lik 24 timar).
 
Eit stjernedøgn er tida mellom to på kvarandre følgjande øvre kulminasjonar av vårjamdøgnpunktet. Det er ca. 3 min 56 s kortare enn middelsoldøgnet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011