Hopp til innhold
X
Innhald

Fahrenheitskalaen

Fahrenheitskalaen. Denne temperaturskalaen bygde opphavleg på tre faste punkt: ei kuldeblanding av vatn, is, koksalt og salmiakk som gav 0 °F (lik -17,78 °C), smeltepunktet for is, kalla 32 °F (lik 0 °C) og mennesket sin kroppstemperatur, kalla 96 °F (svarer til ca. 36 °C).
 
Fahrenheitskalaen blei seinare endra slik at frysepunktet og kokepunktet for vatn blir sette til høvesvis 32 °F og 212 °F.
 
Ein reknar om frå grader fahrenheit til grader celsius ved å trekkje frå 32 og deretter multiplisere med 5/9. Omvendt reknar ein om frå grader celsius til grader fahrenheit ved å multiplisere med 9/5 og deretter leggje til 32.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011