Hopp til innhold
X
Innhald

Famn

Famn. Gammalt lengdemål, opphavleg avstanden mellom langfingerspissane når armane blir strekte rett ut til sida; svarer til 3 alen eller 6 fot. Den norske famnen var lik 1,882 m. 
 
Famn er også eining for volum ved, tidlegare lik 3×3×1 alen = 2,23 m³. No er 1 småfamn lik 2m×2m×0,6m = 2,4 m³ og 1 storfamn lik 2m×2m×3m = 12 m³.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011