Hopp til innhold
X
Innhald

Fjerdingskar

Fjerdingskar.  Gammalt holmål for tørre varer som til dømes korn. I Noreg svarer 1 fjerdingskar til 1/4 norsk skjeppe lik 4,34 liter, i Danmark utgjer eininga 1/4 dansk skjeppe lik 4,35 liter, og i Sverige, der eininga blir kalla kappa, utgjer ho 1/4 svensk fjerding lik 4,58 liter.
 
Fjerdingskar er også eit gammalt markmål. I Danmark var 1 fjerdingskar land lik 1/4 skjeppe land tilsvarande 172,2 m², og i Sverige var 1 kappland lik 1/16 spannland tilsvarande 154,3 m².

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011