Hopp til innhold
X
Innhald

Fot

Fot er den eldste kjende måleeininga. Ho blei opphavleg brukt i Babylon. Fot er grunneininga i dei fleste av dei eldre målsystema. Egyptisk «kongeleg fot» målte 31,6 cm, gresk pus (fot) målte 30,83 cm, og romersk pes målte 29,57 cm.
 
Norsk fot blei i lov av 28.7.1824 fastsett til 12/38 av lengda av den pendelen som på 45° nord ved havoverflata og i lufttomt rom gjer éi svinging per sekund, det vil seie at 1 fot er lik 31,374 cm.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011