Hopp til innhold
X
Innhald

Grad

Grad (latin gradus, skritt). 
 
Grad er eit vinkelmål som stammar frå dei babylonske astronomane som meinte at året hadde 365 1/4 dagar, og som avrunda det til 360. Dei definerte ein grad som 1/360 av eit fullt omløp av sola rundt himmelsirkelen. I SI-systemet blir 1° no definert som π/180 radianar. — 
 
Grad er også mål for temperatur i SI-systemet er kelvin (symbol K) grunneining for termodynamisk temperatur. då er 0 K lik 273,15 °C (celsiusgrader), og både kelvin- og celsiusskalaen har like store trinn. Jf. fahrenheitskalaen.
 
I matematikken er grad den høgaste potensen i eit uttrykk. Likninga 3x²-4x+3x³-7=0 er såleis av tredje grad.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011