Hopp til innhold
X
Innhald

Grunneiningar

Grunneiningar er måleiningar som andre einingar i fysikk og teknikk er avleidde av. I SI-systemet er dei meter (m) for lengd, sekund (s) for tid, kilogram (kg) for masse, kelvin (K) for temperatur, ampere (A) for elektrisk straum, candela (cd) for lysstyrke og mol for stoffmengd.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011