Hopp til innhold
X
Innhald

h

h I SI-systemet er h symbol for prefikset hekto, som angir 100 gonger eininga. Nemninga kjem frå gresk hekaton, hundre. 
 
I SI-systemet er h også symbol for time, definert som 3600 sekund. Nemninga blir særleg nytta i ein del måleiningar som kWh, kilowattime, og km/h, kilometer i timen.
 
Nemninga er teken frå den første bokstaven i det latinske ordet hora, som tyder time.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011