Hopp til innhold
X
Innhald

Hardleik

Hardleik. Hardleik blir brukt om eit mineral si motstand mot å la seg risse. Eit hardare mineral rissar eit blautare, og ved samanlikning nyttar ein Mohs’ hardleiksskala frå 1 til 10, der 1 er talkum, 2 steinsalt eller gips, 3 kalkspat, 4 flusspat, 5 apatitt, 6 ortoklas, 7 kvarts, 8 topas, 9 korund og 10 diamant.
 
Hardleik blir også brukt om eit materiale si motstand mot mekanisk påverknad. Hardleik blir ofte målt med Brinell hardleikstal.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011