Variantar av bokstaven J
Variantar av bokstaven J
Lisens: CC BY SA 3.0

J er den tiande bokstaven i det latinske alfabetet.

Faktaboks

Uttale

jådd, jeː

J var ikkje brukt i det eldste latinske alfabetet. Teiknet for j, ein forlengd i, vart brukt allereie på 1300-talet, og på 1600-talet var skiljet mellom det vokaliske i-teiknet og det konsonantiske j-teiknet stort sett gjennomført.

Uttale i ulike språk

J (på norsk kalla «jodd» eller «je») er i norsk og andre nordiske språk teiknet for ein stemd, palatal approksimant som vert skriven [j] med den internasjonale fonetiske lydskrifta IPA. Denne uttala har bokstaven j òg i mange andre språk: tysk, nederlandsk, dei slaviske språka som bruker latinsk alfabet, latvisk, litauisk, albansk og maltesisk.

engelsk vert bokstaven uttalt om lag som «dsj» [] (stemd postalveolar affrikat), på fransk, katalansk og portugisisk som ein stemd «sj»-lyd [ʒ] (stemd postalveolar frikativ) og på spansk som ein kraftig «h»-lyd [x] (ustemd velar frikativ).

Samansetjingar

Sambindingane (digrafane) gj og hj vert på norsk uttalte som j (til dømes i gjere og hjul).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg