Hopp til innhold
X
Innhald

Joule

Joule [ju:l], med symbol J, er i SI-systemet ei avleidd eining for energi. Ho er definert som det arbeidet ei kraft lik 1 newton utfører ved ei forskuving på 1 meter.
 
Eininga har fått namn etter fysikaren J.P. Joule, og ho blir også nytta for energiinnhald i matvarer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011