Hopp til innhold
X
Innhald

Kalori

Kalori (frå latin calor, varme), med symbol cal, er ei forelda eining for energi, spesielt varmeenergi, og lik 4,1868 joule. Eininga var definert som den energien som krevst for å varme opp 1 gram vatn frå 14,5 °C til 15,5 °C.
 
Kalori er blitt avløyst av SI-eininga joule.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011